Gullskoen


Gullskoen AK (47)

Gullskoen 2013: For en jubelfest

På forsiden akkurat nå

Lødag den 13. juli var det duket for stor Gullskoenfest under Dansefestivalen på Sel. Klokka nærma seg 22:oo og spenninga var til å ta og føla på både backstage og i storteltet. Sjølv hadde eg sommarfuglar i magen, men du verden – veldig kjekt å vera med på. Lyset var slukka og mørket senka seg i teltet, vignetten vart spela, lysa kom på att og han som skulle leda oss gjennom det heile på sin trygge og gode måte- Kai Robert Johansen kom inn på scena og ønska oss velkomen til prisutdelinga. Så vart ordet overlatt til DD redaktør Dag Mangseth som fortalte litt om Gullskoen og annonserte kven av dei som hadde stemt via sms som hadde vunne: Tur til Thailand med OrkidèEkspressen, 2 festivalbillettar til Dansefestivalen i Sel 2014, weekendopphold på Storefjell Høyfjellshotell eller årsabonnement på De Danseglade. Så starta det alle hadde venta på – sjølve prisutdelinga med behørlig presentasjon av dei nominerte i kvar kategori før konvoluttane med resultata vart spretta.
Først ut var prisen til Årets arrangør og det var Anne Nørdsti som fekk æra av å overrekkja Gullskoen trofèet til vinnaren Kåsenhallen / Kåsen Idrettslag frå Bryne. Dei var nominerte i fjor òg – utan at dei då drog seiaren i land. Trur representanten deira Leif Atle Njærheim var den som fysisk viste størst glede av alle vinnarane denne kvelden, han både hoppa og spratt på scena.
Så var det klart for Årets danselåt, her var Dag Mangseth prisutdelar og offentleggjorde at det var låta «Na Na Na» som hadde fått flest stemmer. Gullskoen trofèet gjekk til Leif Dybendal for låta «Na Na Na», han var denne kvelden var representert ved fanklubbsjefen til Contrazt – Espen Lonkemoen.
Prisen for Årets tekstforfatter var det Rune Rudberg som delte ut og det var Kjetil Nordfjeld som drog denne sigeren i havn for teksten «En Gång I Livet». Det var Tom Hovde frå Tylden & Co. som fekk æra av å ta imot trofèet på vegne av vinnaren.

Følg oss på FACEBOOK
Erik Forfod kom inn saman med dei nominerte i kategorien Årets musiker og Carl Martin Kisen i LS Produksjon smilte bredt då det vart klart at han kunne ta imot trofèet på vegne av Terje Ingemar Larsson frå Ingemars Orkester.
Så steig spenninga! Kven ville reisa heim med trofèet for Årets danseband 2013? Ville Contrazt vinna for 3. år på rad? Dansefestivalarrangør Øystein Ulen hadde fått det ærefulle oppdrag å opna konvolutten og latteren runga i teltet då han påstod han ikkje visste kven som vant! Kai Robert Johansen kunne berre slå fast at «Generalen» hadde humor.
Men så kom alvoret og navnet BJØRN`S Orkester vart ropt opp. Mathias Kalvatsvik strålte då han mottok prisen og siterte tittelen på eine låta deira «I e så glad i de» – då han takka alle som hadde stemt på dei.
Etterpå samla ALLE dei nominerte seg på scena og mottok publikum sin hyllest, på ein måte var dei jo alle vinnarar. Det er stort berre å verta nominert – for dette er DD sine lesarar/folket sin. Så vart det heile avslutta med trompetsolo av han som så flott hadde leda det heile: Kai Robert Johansen. Stemningsfullt og vakkert! (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Resten masse Gulllskoenstoff i De Danseglades høstnummer. Tegn abonnement i dag ved å klikke HER, for å få bladet rett  i postkassen.

 

Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (1)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (2)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (3)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (4)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (5)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (6)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (7)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (8)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (9)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (10)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (11)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (12)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (13)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (14)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (15)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (16)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (17)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (18)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (19)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (20)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (21)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (22)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (23)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (24)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (25)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (26)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (27)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (28)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (29)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (30)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (31)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (32)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (33)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (34)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (35)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (36)
Gullskoenfest Sel 2013 Foto Anne Karin Eikeland (37)

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også