Gullskoen



På «nattbesøk» hos ein Gullskovinnar

På forsiden akkurat nå

Gullskoen Årets Arrangør 2012, vart Ivar L Løne – Smalahovetunet Voss, for Jonsokdansen.
Etter å ha teke den tunge beslutning om å reisa heim frå Dansefestivalen i Sel laurdag ettermiddag – slettes ikkje heilt frisk – var eg eigentleg mest lei meg for at eg ikkje ville få med meg Gullskoen showet kl 22. Eg fekk imidlertid stadig oppdatering på kven som vart Gullskovinnarar, Leif Dybendal frå Contrazt vart Årets Musiker, Gunnar Sørløkk fekk Dansefolkets Pris og som dei fleste sikkert og har fått med seg fekk vann Ivar L Løne AS Gullskoen som Årets Arrangør. Jonsokdansen på Smalahovetunet Voss vart arrangert for 8.gang i år. Det er ikkje mange år sidan det var 60 bueinheter på arrangementet, i fjor var det 145 og i år 250. Etter kvart som eg nærma meg Voss der det var planen eg skulle stoppa for å kjøra dei to siste timane heim dagen etter – byrja min litt halvsprøe idè å ta form. Kanskje eg kunne få oppleva litt Gullskoenstemning likavel?Folg oss pa facebook liten Fra Dansefestivalen til Springsteen
Skulle eg stoppa og gratulera ekteparet Løne, som hadde sendt dottera Brit og ein av gutane Geir m. familiar til Sel for å vera tilstades under utdelinga? Eg vart meir og meir oppglødd ved tanken, ja det var mest som eg følte meg betre og betre, og etter å ha henta venninna mi og fånyttes prøvd få tak i blomar eller konfekt på nokre bensinstasjonar, enda eg opp med 2 posar Twist og banka på døra på Smalahovetunet kl 00:15. Då Ivar Løne – lett lurande – kom ut på trappa, presenterte eg meg og gratulerte med Gullskoen. Då det største «sjokket» over dette nattbesøket hadde lagt seg, vart me inviterte inn på kaffi og kaker. Det folk seier om at du ikkje før har sett foten på trappa på Løne, så vert du invitert inn på mat, stemmer nok. Eg fekk ein triveleg prat med ekteparet Løne, der dei fortalte at dei i løpet av året produserte 75.000 smalahovud – desse fekk dei levert råe frå Fatland. Dei er dei einaste i landet som pr. i dag har tillatelse frå Mattilsynet til å produsera slik mat, så enten det står Gilde eller Skjeggerød utanpå pakka, så kjem maten frå Voss. Folg oss pa facebook liten Gullskoen 2012: Festen, utdelingen og vinnerneDet er heller ikkje få smalahovemiddagar dei serverer på garden i løpet av eit år. På spørsmålet om kor små selskap dei tok – enten på Stabburet frå 1700 talet eller i Grindabygget frå 2009, kom det kontant frå Ivar Løne: «Då får eg sei til deg som eg seier til dei andre som har spurt : For din eigen del er det no koselegast at de er TO !» Løne kunne imidlertid fortelja at ein gong hadde dei laga smalahovemiddag for berre ein. Det var til ein lege frå Paris som budde på eit hotell nede på Voss. Det var den franske nasjonaldagen og denne karen ville gjera noko spesielt og vart anbefalt Smalahovetunet. Då snudde dei seg snart rundt og henta inn 2 søstre, ei underheldt på fele og ho andre kunne fransk og kommuniserte med legen. Eg gløymde spørja, men er viss på at franskmannen fekk omvisning på smalahovefabrikken han og, slik alle andre gjester får. Det er tydelegvis ikkje berre under Jonsokdansen at gjestene er i fokus her i gården, og det går rykter om kor fint artistane har det der, så nye band viser stadig si intresse og dei som har vore der kjem gjerne att. Ivar L Løne lurte på om det at dei no hadde fått prisen var noko reklame for dei, og det sa eg at det måtte han rekna med. Då kom det litt betenkt: «Kva skal me gjera til neste år då – om det kjem enno meir folk?» Så fortalte han at i år måtte dei utvida camping området fire ganger og styra med meir tilgang til straum etter kvart som påmeldingane strøymde på, og for ikkje å snakka om dei som kom utan å vera førehandspåmeldt. Det er vel berre å bruka festivalleiar Brit Løne sin tankegang: Det er ingenting som er umulig ! Då me etter ei koseleg stund takka for oss, kom det frå fruen i huset : «Dette er stort ! Det har vore ein fantastisk kveld og at de stakk innom vart prikken over i’en for oss» ! Nett då føltes det godt å vera litt smågal og ha fått vera med og dela tankane og ikkje minst gleda kring Gullskoprisen med ekteparet Løne, medan dei to ildsjelene i denne vesle familiebedrifta – Brit og Geir Løne med familiar – var i Sel og feira Gullskoen med smalahove og fenalår, iflg. Nettsida til Avisa Hordaland !
(Tekst og bilder – der mesteparten vart tekne på ein strålande fin søndag ettermiddag – Anne-Karin Eikeland)

Les artikkelen og omtalen frå årets arrangement på Voss HER!

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også