Gullskoen


Gullskoen og TV2 frå sidelinja og greenroom

Gullskoen og TV2 frå sidelinja og greenroom

På forsiden akkurat nå

For dei fleste med litt intresse for danseband knytta det seg stor spenning til torsdag 14. juni – dagen då det skulle offentleggjerast i God Morgon Norge på TV 2 kven som vart kåra til Årets Danseband 2012. Eg var så heldig at eg fekk lov til å få vera med redaktør Dag pluss Bjørn og Asle frå DD staben i Oslo denne dagen – i greenroom – utruleg spennande. Her var stemninga spent, men absolutt god, for i utgangspunktet var det 12 danseband som var foreslått til denne prisen, så alle 4 som gjekk vidare til nomininasjonen hadde på ein måte alt vunne, men kven ville vel ikkje ha med seg Gullskoen – De Danseglade sin leserpris – heim?
Steinar Engelbrektson som kom til Oslo med nattbussen møtte åleine frå bandet, Hanne Mette hadde alle bandmedlemane med seg og Anne Nørdsti hadde to kjekke karar med seg. Contrazt hadde berre Leif Dybendal att i greenroom etter at Gro Anita gjekk i studio, men han hadde heldigvis «moralsk støtte» av Odd Arne Sørensen. Odd Arne har vore litt med Contrazt på spelejobbar, i tillegg til at han har medverka på fleir av CD’ane deira, ja på den som kjem ut om kort tid, så har faktisk Leif Dybendal laga ein instrumentallåt – spesielt for unge Sørensen.
Lengste strået
Som kjent var det Contrazt som trakk det lengste strå – også i år. Gro Anita Johansen fortalte meg i ettertid at ho var heilt sikker på at prisen kom til å gå til Anne Nørdsti, sidan Anne i år skulle sitja nærast redaktøren inne i studio. Gleda til Gro Anita då det vart klart at Contrazt var vinnaren, var difor ekstra stor, noko Asle klarte fanga opp med eit kjempefint bilde. Radarparet frå Contrazt skein som nokre soler etterpå og var tydeleg blanke i augo – dette var stort – og dei vart ikkje mindre glade over Gullskoen dei tre andre i bandet som ikkje var tilstades.
Etter at alle hadde fått gratulert vinnaren og litt fotografering inne og ute var unnagjort, samla heile gjengen seg på cafè for å få seg litt mat og ikkje minst sosialt samvær og nokre intervjuer. Me fekk smedlande god kaffi i Tv 2 huset, men mat trur eg dei fleste hadde vore for spente til å få i seg så tidleg på morgokvisten! Litt kjekt var det at nokre som satt og venta på å koma inn i TV 2 studio – applauderte vinnaren då dei var på vei ut frå greenroom. Det vart ein triveleg føremiddag i Oslo som eg er kjempeglad og takknemleg for at eg fekk lov til å vera med på. For å sei det slik – det var verdt 7 timars togtur frå Arna pluss ei varm natt på eit hotellrom (riktignok berre 5 min frå TV 2 huset) – sidan eg ikkje klarte få opp vindauga då eg skulle leggja meg! (Tekst og foto Anne-Karin Eikeland)Abo promo feb 2012 På konsertar i Austrheim og Lindås kyrkje med Steinar Engelbrektson Band og AuRa.

Abo promo feb 2012 På konsertar i Austrheim og Lindås kyrkje med Steinar Engelbrektson Band og AuRa.

 

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også